Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52/17 Søndagsturen til Vaulen

Elinor Bolme Torsdag 6. august 2015

Turen går denne søndagen til Vaulen på Nordmarka i Surnadal. Her er det merka sti frå Solåsvatnet, bløtt i terrenget, ca 1 times gange til Vaulen. Opprinneleg var Vaulen ein gard under Mo sokn som høyrde kongen til. På slutten av 1600-talet gikk eigedomsretten over til private. Etter 1723 er det ikkje registrert fastbuande på garden. Sæterhusa som i dag ligg vest for husa på Vaulen, ligg omtrent på den staden der garden låg. Eistein Bæverfjord har laga ein film om markagarden Vaulen.

AKTIVITETER:
Her er det mulegheit for fisking (fiskekort kan kjøpast i kassen for bompengar), mulegheiter for grilling, svartkjelen blir også å treffe. Gapahuk er det også ved huset. Musters kan en også treffe på….
Vaulens venner har slåttahelg denne helga, så det vil vere aktivitet på området.

DATO OG KLOKKESLETT:
Søndag 9. august fra klokka 12.00 til ca. 15.00

PARKERING:

Parkering Solåsvatnet.

Ved enden på vegen ved flytebrygge på Solåsvatnet.

ARRANGØRKONTAKT:

Surnadal Jeger- og fiskerforrening ved Sølvi Irene Fuglås – 41305208
Avkjørsel på austsida av FV65 på Nordmarka, ca. 300m sør for avkjørsel til Nordmarka idrettssenter, bomveg austover Nordmarksvegen. Kjør ca. 10 km, sving av nordover før Andersvatnet, følg vegen til enden, parkering ved flytebrygga ved Solåsvatnet

Først publisert: 6. august 2015, 06:47 - Sist oppdatert: 5. august 2015, 20:54