Denne helga går søndagsturen til Svinvika, og blir ein runde i Gammemelvegen. Da har du også ein ypperleg sjanse til å besøke Svinviks arboret i same slengen. Der er blomstringa på topp no, og heile hagen står i full flor. Her kan du også ta deg ein kaffepause i arboretet kaffeteria.
Turnavn: Rundtur i Svinvika – Søndagstur i Surnadal
Tursted: Svinvika, Surnadal
Oppmøtested: Parkeringsplassen på oversiden av Svinvik arboret.
Dato og tidspunkt: Søndag 7. juni klokken 12.00
Turen følgjer traseen til den såkalla «Svinvikrunden». Løypa går etter skogsveg og asfaltert veg. Det er stigning det første stykket, sidan flatt og nedoverbakke. Det er fleire flotte utsiktspunkt undervegs, og mykje god lokalhistorie å dukke ned i. Sjå meir om denne rundturen og høgdepunkta på morotur.no.
Sven Olav Svinvik blir med på turen som guide og kjentmann. Dei som ønskjer det kan også sjå seg om i den botaniske hagen i Svinvika etter rundturen. Hugs i så fall pengar til inngangsbillett i arboretet, kr. 70 for vaksne. Vertskap er Stavganggruppa.