Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52/17 søndagsturen til Fauskåvatnet

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. oktober 2015

Komande søndag er det Fauskåvatnet som er mål for søndagsturen.  Turen startar i Søyådalen, dit du kjører med bil etter Østbødalsvegen og fortsett etter bomvegen til du treffer turfølget inst i Søyådalen. Herfrå startar fotturen til Fauskåvatnet som ligg på 579 meters høgde. Herfrå har dei fleste i nedre Surnadal si vassforsyning.

INFORMASJON FRÅ 52-17 SØNDAGSTUREN TIL FAUSKÅVATNET

Turnamn: Fottur til Fauskåvatnet – Søndagstur i Surnadal

Turstad: Fauskåvatnet, Surnadal

Oppmøtested:  Felles start frå parkeringsplassen i Søyådalen kl. 12.00 søndag 1. nov.

VEGBESKRIVING: Frå Skei i Surnadal køyrer du ca. 5 km i retning Kvanne. Her tek du av mot venstre til Østbø. Etter 0,5-1 km svingar du nok ein gong til venstre mot Østbødalen. Køyr vidare innover Østbødalen og vidare til enden av vegen i Søyådalen. Vegen innover Søyådalen er bomveg, så hugs pengar til bommen! Ved bru nummer to parkerer du bilen. Her vil du bli møtt av arrangørane.

Parkeringsplassen er ikkje skilta, men den ligg like ved den andre brua i Søyådalen. Arrangørane vil møte deg her.

Dato og tidspunkt: Søndag 1.november frå klokken 12.00 og så lagt tid vi treng utover.

Turbeskriving: Turen går til Fauskåvatnet i Søyådalen, 579 m.o.h., og går det første stykket etter grusveg, seinare etter sti. Turen er bratt til å begynne med, men vegen er bra. Når vi kjem på slutten av grusvegen og over tregrensa, går stien flatt innover dalen og vi får ein flott utsikt. Ca.350 høgdemeter stigning i løpet av turen.

AKTIVITETAR: Surnadal kommune har ei hytte ved vatnet. Her kokar vi kaffe. Fauskåvatnet er drikkevasskjelde for Surnadal. Albert Maasen vil fortelje om kvar vatnet kjem frå og korleis vassbehandlinga fungerer.

Utstyr å ha med: Vanleg turutstyr tilpassa årstid og turterreng/-mål.

Kontaktperson: Norsk vandrefestival i Surnadal ved Albert Maasen – tlf. 46879845 eller Gry Nordhusstuen – tlf. 942 63 514.

Publisert: 29. oktober 2015, 09:00