Søndagsturen denne veka går til Åsgard der det blir aktivitetar både på land, i fjøra og ute på fjorden. Samlingspunktet er naustet til kyrkjebåten «Hjelmkonnå», som det er offisiell opning av denne dagen.
I løpet av dagen vil det bli muleg å prøve seg på både kajakkpadling og roing med kyrkjebåten «Hjelmkonnå». Det vil bli gitt rettleiing til den som treng og redningsvestar kan lånast. I fjøra kring naustet er det fine mulegheiter for fisking, og viss ein vil, kan ein delta i den oppsette fiskekonkurransen som er open for alle. Hugs fiskestong!
Kl. 12.00, på det tradisjonelle starttidspunktet for «5217-søndagsturen», er det lagt opp til ein kortare fottur i nærområdet. Det vil vera muleg å få kjøpt seg grillmat og kaffe under heile arrangementet. Sidan søndagsturen denne gongen inngår som del i eit anna og større arrangement, tek vi her med programmet for heile arrangementet. Det er likevel fullt muleg å få med seg alle aktivitetar for den som møter opp til vanleg søndagsturtid:
11.00: Opning av arrangementet: Roing/padling og salg av grillmat og kaffe.
11.30 til 13.30: Fiskekonkurranse. To klassar: a) Vaksne – b) Ungar under konfirmasjonalder (15 år). Premiering av største (dvs. lengste) fisk og flest enkeltfiskar i kvar klasse.
12.00: Fottur langs Gammelvegen mot Sætervika/Åsgardhøgda. Leiar og guide/informant: Lars Jostein Bævre
14.00: Samling ved naustet: Kort historikk om området. Premieutdeling etter fiskekonkurransen. Formell opningsseremoni for naustet.
Vegbeskrivelse:
Køyr riksveg 65 til 60-sona på Åsgard i Surnadal. Viss du kjem frå Åsgardhøgda, skal du svinge av til høgre nedover bakken i den første avkøyrsla du kjem til. Kjem du frå Surnadal/Skei, blir dette den siste avkøyrsla før du køyrer ut av 60-sona. Litt nedi bakken deler vegen seg i tre. Her skal du ta til høgre og finne deg ein parkeringsplass nedi hyttefeltet. Følg vegen vidare ned til
naustet.