Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52/17 – søndagsturen går til Igltjønna i Rindal

Jon Olav Ørsal Fredag 20. februar 2015

Komande søndag er det Rindals tur til å arrangere søndagsturen. Rindalingane inviterer til akedag i skileikområdet ved Igltjønna, som ligg litt nordaust for Rindal sentrum. Du parkerer på parkeringsplassen like ved badeplassen, eller ved Mørelinjebygget i sentrumsområdet. Det er da ca 1 km å gå til akebakken/skileikområdet. Dag og tid er søndag 22. februar frå kl 12 og utover.

Det er altså fine mulegheiter både med ski og akebrett, og det vil bli tent opp bål for grilling av pølser etc. – det blir servert saft. Ta turen til Rindal og bli med på aktivitetane i akebakken, oppfordrar Rindal Vel som er vertskap.  Kontakperson er Ingrid Kvam Moen tlf.: 97682867

 

 

Publisert: 20. februar 2015, 11:13