Komande søndag går søndagsturen til Betna, med tur til fots rundt Bettennesset. Du kjører til Betna, og tek til venstre i krysset og finn parkeringsplass på skistadion rett nedpå flata der. Det er ein lett tur i flotte terreng – ein tur som passar til alle.

Frå Bettennesset hyttefelt – her står infotavla om feltet som har plass til eit 50-tal med hytter. Foto:Trine Kristiansen Glåmen
Turen går fra Øyan Stadion i Betna og gjennom undergang under E-39 og følgjer gangvegen opp mot boligfeltet. Fortsett på grusvegen rundt Bettennesset som etter kvart går over i ein sti. Når ein så kjem til eit vedlager, så går man same vegen tilbake til Øyan Stadion. Turen er ca. 3-4 km i eit lett kupert terreng. Turen er svært barnevennleg. Flott utsikt over Skålvikfjorden. Aktivitetar: Det blir bålkaffe på bålpanna og popcorn ved Høttskjæret. Ta med niste, kopp og sitteunderlag. Her kan du laste ned meir info om turen til Bettennesset som PDF-dokument.