I går var ein trufast liten gjeng samla til lagseriestemne på Bordholmen. Riktig nok ikkje så mange i talet, men dei som kom fekk prøvd seg på fleire friidrettsøvelsar. Her var både langdehopp, kasting av liten ball og nokre gongar med 60-meter på ei litt sleipt underlag.

Ingen ville springe 400-meter, men Ragna utfordra Markus på ein runde med trøbil rundt løpebanen. -du blir vel ikkje sur om eg slår deg Markus? -Nei da, for det gjer du ikkje…
Neste og aller siste lagseriestemne for denne sesongen er neste torsdag den 8. september klokka 18. Møt opp!