Fotballen rullar ikkje så ofte som før på Bordholmen. Lite ungar og samarbeid med IL Søya gjer at det meste skjer på Søyabanen. Men for å oppretthalde aktiviteten på det fine anlegget har idrettslaget no anskaffa utstyr til frisbeegolf. Dette er ein sosial aktivitet der ein konkurrerer om å bruke minst muleg kast på ein bane med 9 korger. Korgene på Bordholmen er utsett rundt fotballbanen, og det blir fort høgt engasjement når ein blir med på ein runde saman med Ivar Helge Kvendset, Ivar Bolme, Kristoffer Nordvik og Ola og Emil Ansnes.
Klarar du å slå banerekorden på 23 kast?