Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
5000 tonn knusagrus

5000 tonn knusagrus

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. august 2010

For den som har lurt på kva slags monstrum som vart tranportert oppover bygda i forrige veke, kan vi avsløre at det var eit stort knusverk som var på veg til sandtaket i Sandbakkan på Talgø gård.
Det er Finn Talgø og Per Gjeldnes som har leid inn firma Ola Raaen frå Hegra i Stjørdal til å lage 5000 tonn med knusagrus. Den jobben er unnagjort på 5 dagar, kunne Geir Raaen fortelje. Da Todalen.no var innom måndag var dei klare til å starte produksjonen.

Knusverket er enkelt å montere, og Geir Raaen fra Stjørdalsfirmaet at dei kunne vere operative på 2-3 timer etter at dei var komne på plassen. Dei hadde eit stort strømagregat på 340 kw som leverte strøm til elektromotorane på knusverket, der den største motoren trekkjer heile 160 kw. Knusverket er einmannsbetjent, og operatøren sørger både for å fylle på grus og å ta unna den ferdige knusagrusen som legges på lager til seinare bruk. Når anlegget er i full produksjon blir det produsert ca 100 tonn i timen. Den store showelen har plass til heile 10 tonn i den store skuffa, og eit lastbillass på ca 13 tonn blir dermed ei skuffe pluss ein liten dert før det er fullt.

Per Gjeldnes var i full gang med å kjøre unna grus til den nyopprustea skogsbilvegen fra nybrua på Kårvatn og innover til Plassen. Per kan også levere grus til andre som har behov, så det er berre å ta kontakt med han for å få grusen levert dit du vil.

Publisert: 3. august 2010, 12:20