Start 4H har denne veka vore invitert til Svinvika på kurs i arbeide med pil i forbindelse med prosjektet DELING. Her har dei vore instruert av Marit Larsdotter Moen og Jorun Kraft Mo i ulike metodar i pilfletting. Og etter resultata og dømme, så har både lærarane og elevane arbeidd godt. Her vart både fine fat og anvendelege fuglematarar ferdige på løpande band.

Maria og Ylva har verkeleg teken på flettinga. Det er litt hardt arbeid å flette fint, men med trening så gjekk det kjempebra.

Johan, Van Adrian og Ingebrigt hjalp Jorun Kraft Mo med å ferdigstille ei korg som står fast i jorda.
Laurdag blir det åpe hus i arboretet, og da blir det muligheit for alle som vil å ta turen innom for både å sjå og å prøve seg på kunsten sjølv.
Ellers kan 4H-gjengen fortelle at dei no er i førebuingsfasen til den årlege haustfesta. Den blir i Skulstuå 28. oktober, og i år blir det markert at laget fyller heile 50 år. -Vi har klubbmøter søndagane framover for å ferdigstille prosjektoppgåvene til