I går var Start 4H på stortur til Trondheim. Dei hadde bestilt plass for utfoldelse på Bowling 1 og Gocart AS på Heimdal der dei i tillegg til å bowla også kjøyrde kvar sin runde med gocart. Det var heile 26 ungar som deltok på turen saman med rådgjevarane Jon Olav Roaldset, Hanne Waag pluss fleire av foreldra.
Aktivitetane fell i smak hos alle, men sidan det var så fullt på aktivitetssenteret fekk dei ikkje teke fleire rundar hverken på gocart eller bowlingbanen.
Kristine Saksen Ulvund har sendt oss bilder frå turen.