Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alt for kropp og sjel, og evigvarande kjøkkenreiskap

Elinor Bolme Måndag 2. mai 2016

Litt for fint vêr må nok ta skulda for at det ikkje var full fres i Skulstua i går ettermiddag. Her hadde forhandlarane Solvor Lindseth Øyen og Inga Husby rigga seg til med sine salgsvarer. Inga er forhaldsvis ny som forhandlar av Forever Living. Ho starta opp i november i fjor, og tilbyr alt innan helse, velvære, fitness og makeup. Solvor derimot er atskillig meir erfaren med sine snart 16 år som Tupperware forhandlar.

Saman skulle dette tilseie fleire godkjøp innan kropp og kjøkkenutstyr for dei som tok turen innom. Og ikkje minst ein kopp kaffe med gode kaker til.

image

Velkomstdrikk av sunnaste sort. Reine naturprodukt treng hverken lukte elller smake toppers, men kroppen likar det.

forever living

Solkrem, lypsyl, sminke, energidrikk, kremar for ulike behov og vitaminer. Inga tilbyr det meste ein kropp på veg ut av vinterdvala ønsker.

image

Familien Toset Møkkelgjerd hadde skjøtt på turen etter dagen StikkUt tur til Svinvika og landa på party. De var opprinneleg berre interessert i dei gamle skulebygningane, men frøken Solveig tykte dei måtte ta turen innom Skulstuå for ein kikk.
Frå venstre Kristian Møkkelgjerd, Anna Johanne Toset og framom dottera SOlveig Toset Møkkelgjerd.

 

 

Først publisert: 2. mai 2016, 07:05 - Sist oppdatert: 5. mai 2016, 10:58