Søndag ettermiddag inviterte Ski og friidrettsgruppa til utvida lagseriestemne med muligheit til å lufte trøbilane på Bordholmen. Ikkje det aller beste oppmøtet ein regntung ettermiddag, men eit titals ungar tok turen for litt sosial leik og aktivitet. Her var det både lengde med og utan tilløp, liten ball, 60 meter og 400 meter for dei som ville.
Arrangørane var usikre på om det vart fleire rundar på Bordholmen, sidan sommarferien no står for døra. Til hausten derimot, blir det fleire gongar.