Måndag og tysdag har det vore smoltutsetting i Toåa. 4000 2-årig smolt er slept «ut på livet» i Toåa etter at dei har friste eit trygt tilvære hos Monika & Co hos Rossåa settefiskanlegg som høyrer Statkraft til. Dei er no sette i to kvilemerder ved Steinutgarden i Toåa, der dei stå i 2-3 dagar og aklimatisere seg og venne seg til livet i elva, og sleppes fri mot kveld onsdag eller torsdag denne veka. Dei slepper alltid mot kvelden for å minske faren for at dei skal bli mat for fuglar og andre jegrar som oter og mink.
Det er som sagt 2-årig smolt som no blir slept, og dei er da ca 100 gram. Alle er feittfinnekløpt, slik at dei skal være lett å kjenne att om ein får dei på kroken når dei forhåpemntleg vis kjem att frå havet om nokre år. Laksefiskarar som tek fettfinnekløpt laks må melde frå om dette når dei leverer fangsrapport til Todalen Elveeigarlag.
Til arbeidet med å sette ut smolten har mannskapet fått hjelp av 3 personer frå kraftverksgruppa på Sunndalsøra i tillegg til eige mannskap. I tillegg har også Asbjørn Karlsen og Ola Bruset vore hjelpsame med transport av merdene til Steinutgarden, fortel Monika Klungervik.