Sist veke kunne styret i Surnadal golfklubb endeleg samlast til styremøte i eige, nyoppført klubblokale. Golfklubben har ein ihuga dugnadsgjeng som møtes kvar veke for å gjere små og store oppdrag på anlegget. I haust har hovedgeskjefta vore å sette opp nytt klubbhus, som no altså er «innflytningsklart». Ei betrakteleg oppdatering av brakka som vart oppsett ved etableringa av banen i 2006.
Bygginga har gått fort, med godt oppmøte når prosjektør Trygve Talgø har kalla inn til dugnad. No er banen vinterstengt for spel, men dugnadsgjenegen blir nok sikkert å treffast i nylokalet utover hausten enno.

Første kaffekopp i ferdig bygg? Frå venstre Jan Ove Bævre, Kjell Øyen, Johan Ørsal, Terje Kvande og Trygve Talgø.
Les meir om klubbhusbygginga her på Surnadal golfklubb si heimeside

Det ser kanskje dramatisk ut, men piping er ein del av klargjeringa til vinters. No er alle greenar pipelufta for å optimalisere 2019-sesongen.

Sesongslutt på Mo, men med ein moderne golfsimulator på Skei kan goftkunnskapen haldast vedlike til våren kjem.
Alle foto: Surnadal Golfklubb.