Margrete Hals, i ein alder av 91 år, får no avløysing som formann av Todalen misjonsforening («Gammelforeninga») etter ei trufast teneste i 40 år. Foreninga fyller i år 165 år og hadde stor 160-års jubileumsfest for fem år sidan. Foreninga har møte i heimane kvar månad, som regel første måndag i månaden, i samarbeid med Sjømannsmisjonsforeninga – Norsk kyrkje i utlandet, der Lovise Jørgensen er formann. Denne delen av foreninga hadde 100- årsjubileum i fjor.
Som regel er det 10-13 medlemar samla. Det er ein fin og trufast flokk, men det er eit sakn at fleire som var med for fem år sidan, no er på sjukeheimen eller har flytta for godt, og det trengs nye medlemar.
Neste møte blir hos Margrete som seier ho vil laga ei lita utstilling av ting som har vore i foreninga i mange år. Det er til dømes ført protokoll frå alle møta, ein stor kulturskatt. Margrete har sagt seg viljug til å føra boka fortsatt, sjølv om Einy Rendal Elgsæther no formelt tek over som formann.