Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
40 år med idrettsmerke

40 år med idrettsmerke

Elinor Bolme Måndag 30. mai 2011

Åshild Halle vart i går hedra med diplom og merke for å ha gjennomført sitt førtiande idrettsmerke. Det skjedde under den årlege trim basaren, der også ski og friidrettsgruppa delte ut sine utmerkelsar for eit aktivt år. Som om det ikkje var nok, så fekk ho også Gullstatuetten for skimerket, medan ektemann Trygve fekk Skikruset.Ellers oppfordra Åshild fleire til å vera med å ta idrettsmerket, for den einaste som tok det attåt ho i fjor var Emil Haugen Ansnes. Han tok bronsemerket.

Oversikta over dei andre som fekk utmerkingar for sin innsats i skiløypa:

Bronsemerke
Eivind Bolme
Emma Sæther
Kevin Brusethaug
Frikk H Talgø
 
Emaljemerke
Marit Ingeborg Ansnes
 
Gullmerke
Mads Marius Øyen
 
5-årspokal
Steinar Gjeldnes
 
Gullstatuett
Eilert Kjølstad
Åshild Halle
 
Skikrus
Marit S Søyset
Trygve Halle
    Trimbøker 2011    
  Flest turer Antal Trekt voksen Trekt barn Total antal
Gammelsetra Eilert 84  Nils Helge Ness Sivert Sogge 366
Løfta OPK 67  Jenny Kvendset Sunniva Kjølstad 363
Talgøsetra Jon Bruset 36  Turid Hals Sæther Christian Rovik 691
Fauskhjellen Terje N 103  Marit SS Nikolai S Hopland 440
Storhaugen Jon Bruset 40   Mari B. Redalen hallvard I Kvendset 259
Tårnet Nils Øyen 107  Jan Vidar Øyen Steffen Aune 300
Haukarsteinen Alf Inge Ulvund 40  Brit Grønmyr Thea Ulvund 371
Naustådalssetra Inger Astrid   Ola H. Ansnes Oda S. Holmestad 355
Ansnessetra Olav Gjeldnes 102  Georg Mossing Sander Halset 220
          3365

Av desse tala ser vi at det i 2010 var heile 3365 registreringar på dei ulike bøkene, der det var Nils Øyen som hadde mest registreringar på sin «favoritt». Men no er det nye sjansar med nye bøker!

Det fine veret, og den historiske vandringa på Todalsøra gjorde det litt skrinnt med folk i byrjinga, men det tok seg absolutt opp før det vart slutt.

Som de ser, er det ikkje noko å seie på stemninga.

Full rulle attmed lykkehjulet.

Litt ro i salen då utdelinga av deltakelsen Barn i løypa pågjekk.

Spenninga var på topp da trekninga kom, for denne fontena var det mange som meinte skulle bli «si». Den heldige vinnaren vart Sindre Bruset til høgre, medan Jens Olav Moe til høgre vann hovudgjevinsten, eit gavekort på Kårvatn Fjellutstyr.

Publisert: 30. mai 2011, 07:12