Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, og 4 gutar tok denne dagen steget inn i dei vaksnes rekkjer. Det var sokneprest Bernt Venås som heldt konfirmasjonsgudstenesta, og konfirmantane fikk i beste meining med seg nokre formaningar inn i framtida gjennom preika. Det var bra med folk på konfirmasjonsgudstenesta, og folk på alle benkane i kyrkja. Fullt blir det nok på neste gudsteneste, for det skjer på nasjonaldagen – 17. mai. Nedafor finn du bilde frå konfirmasjonsgudstenesta og frå kyrkjebakkan etterpå. Alle foto: Jon Olav Ørsal