Tida går fort – i dag er det faktisk 4 år sia det store raset gikk uti Stranda. Det isolerte bygda totalt, da det kutta både kraftlinje og veg inn til Todalen. Plutseleg var vi isolert, og vi måtte improvisere for å få ting til å fungere. Men det gikk, og det gikk bra. Sjølv om det var ferietid vart det funne løysingar på det meste, og alle la godviljen til for å finne løysingar – både i og utafor Todalen.
Vi kom kanskje styrka ut av denne krisesituasjonen som oppstod. Vi i Todalen.no fikk også vist at det var behov for ein slik lokal nyheits- og infokanal, men vi var nok for dårleg forberedt på straumbrot. Men etter kvart som vi fann løysing på det vart det sving på sakene, og da var det ikkje vanskeleg å finne oppdaterte avgangstider for båt og ferje, eller anna type informasjon som var naudsynt.