Søndag kveld hadde Pårørendeforeninga ved Stangvik Aldersheim basar på aldersheimen. Det kom inn heile kr. 38.000, og dei er kjempeglade for det gode resultatet. Pengane kjem godt med og vil bli bruka til det beste for bebuarane. Foreninga rettar stor takk til alle som støtta med å kjøpe lodd. Stor takk også til dei som var loddselgarar og dei som støtta oss med barargevinstar. Her kan du laste ned trekningslista.