Kvar veke frå no legg vi ut to bilete av hus frå Todalen. Dette er eit sammarbeid med Todalen historielag, som har kalla serien STORRUNDT. Første runde startar utmed arboretet, eller Gjengsto, som plassen heiter. Dette er det første huset som vart satt opp i Gjenstøa, som senere vart flytta ut til Nordvik som no er Nordly.
Etter kvart vil vi fortsette inn Stranda, opp nordsida av bygda, og endar til slutt uti Ansnessa. Arkivet til historielaget inneheld ikkje bilete av alle husa rundt bygda, men ganske mange. Ragnhild Ansnes Moe og Ingri Bruset oppfordrar til gjerne å sende dei bilete av hus dei manglar. Kanskje kjem det bilete av landskap og folk som er naturleg å visa i denne samanhengen. Serien blir også vist på Todalen historielag si Facebookside.