Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

35 utrykkingar til nattbrannar i Møre og Romsdal

Elinor Bolme Fredag 29. november 2019

Tre gongar i månaden byrjar ein bustad å brenne midt på natta i Møre og Romsdal. No står brannhøgtida for døra igjen. Brannvesenet i Møre og Romsdal rykte ut til 35 bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt rett under tre nattbrannar kvar einaste månad – heile året igjennom – berre i fylket vårt. No bed brannsjefen i Surnadal og Rindal Tor Arne Moen om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månader.

– Når det brenn, er kvart sekund avgjerande. Ein overlever ikkje lenge i ein bustad som raskt fyllest opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidleg varsling for å redde seg sjølv og dei ein bur saman med, seier brannmann i Rindal Rune Kirkholt.

Byt batteri i røykvarslaren

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

– Ein fungerande røykvarslar er vaken og følgjer med, også når du søv. Sjå til at du går brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrer varslaren godt, seier Stig Sæter ved Gjensidige Surnadal.

 

Desember og januar mest brannfarleg

Desember og januar er dei mest hektiske månadene i året for brannvesenet i Noreg.

– Vi trekkjer innandørs, fyrar i peisen, lagar feit mat på komfyren, tenner lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg.

 

Lokale arrangement
Røykvarslerdagen er søndag 1. desember og vi i Gjensidige Surnadal, Svorka og brannvesenet vil være tilstade på ALTI Surnadal, Coop Extra Surnadal og Coop Extra Rindal i dag 29. november. På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

 

Fakta:

Totalt har brannvesenet rykt ut 907 gongar til bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i løpet av 2018.

Talet på bustadbrannar på natta per fylke:

Fylke Tal
Oslo 207
Trøndelag 75
Hordaland 69
Akershus 58
Rogaland 58
Vestfold 50
Vest-Agder 45
Nordland 43
Østfold 41
Oppland 38
Buskerud 36
Møre og Romsdal 35
Aust-Agder 34
Telemark 32
Finnmark 28
Hedmark 26
Troms 20
Sogn og Fjordane 12
Totalt 907
 

 

Publisert: 29. november 2019, 11:41