Ein travel dag på Bordholmen er over – 34 fotballkampar og over 170 løparar har nok ein gong gjort Todalsdagen til ein festdag. Alle har kosa seg og har kunna nyte finvêrsdagen og aktivitetane på Bordholmen stadion – enten frå dei 4 fotballbanane, frå løypa for Ræta Opp – eller knaskje frå tilskodarplass. Det var mykje folk på Bordholmen i dag, sikkert mange besteforeldre og oldeforeldre som trufaste sponsorar til unge aktørar. Bra at dere er med!

34 fotballkampar vart spela på Bordholmen i dag – kan ikkje anna enn å være imponert over den flotte innsatsen på banen. Foto Jon Olav Ørsal
Som sagt så har det vore fotball heile dagen – første kampen starta kl 10.45 og så gikk det slag i slag til langt på dag – berre med eit lite avbrekk for å arrangere Mini Ræta og Ræta Oppi full fart. Fotballen var forresten reservert for den yngre garde – opp til og med 9 år. Og jammen har dei kosa seg med fotballen – alle har spela fleire kampar, og vi kan ikkje klaga på innsatsen. -Det har dampa sveitte i heile dag av denne gjengen – og hadde dei fått sjansen så hadde dei gjerne spela fleire kampar. Engentleg godt å sjå att det veks oppiatt med nye generasjonar på fotballbanen.

Full innsats i Mini Ræta – over 120 deltakarar satsa for fullt på ein runde rundt løpebanen på Bordholmen. Foto Jon Olav Ørsal
Ræta Opp og Mini Ræta samla fleire deltakarar enn nokon gong, og heilt på tampen av påmeldingsfristen gikk arrangøren tom for startnummer. Tilsaman var det over 170 deltakarar – spesielt var det mange yngre deltakarar i år og det er ein god trend tykkjer arrangøren. Erik Kårvatn og Berit Mogstad sørga for nye løyperekordar både i herre og dameklassen. Erik forbedra rekorden i herreklassen med 27 sekund, medan Berit Mogstad forbedra damerekorden med over 1,5 minutt.

Erik Kårvatn og Berit Mogstad vann sine klassar og sette nye løyperekordar i dag. Foto Jon Olav Ørsal
På dei neste plassane i herreklassen kom Emil Ansnes og Halvor Drøpping, medan det i dameklassen vart 2.-plass til Lisabeth Sæterbo og 3.plass til Ronja Holten. I herreklassen var det 32 deltakarar med tidtaking og 19 i dameklassen.
Det er 5 år sia sist Erik deltok på Ræta opp, og han tykte det var artig å være med igjen og tykte og det var god å kjenne at forma er bra. Erik satsar ikkje så mykje på løp i sommar, for no er det randonee og OL som gjelder. – Eg satsar for fullt for å kome med i OL-troppa til neste år. Reknar med at dette er min sjanse til å kome til OL som deltakar.
Resultatlista frå Ræta Opp 2025 – last ned lista som PDF-dokument
Vi har laga eit stort bildegalleri med aktivitetar frå Todalsdagen – klikk deg inn og sjå om du treffer kjentfolk – alle foto Jon Olav Ørsal