Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nettverkstreff på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Måndag 12. mai 2014
Surnadal og Sunndal kommunar har det siste året hatt ei nært samarbeid om næringsutvikling i dei to kommunane. Fredag kveld inviterte dei eit 50-tals næringslivsfolk og andre frå dei to kommunane til treff på Talgø utstillingssenter i Todalen for å orientere om arbeidet som er gjort og for å få innspel frå næringslivet til det vidare samarbeidet.
Først på programmet var omvisning i parkanlegget og utstillingane på utstillingssentret, og i forsetjinga orienterte konsernsjef Terje Talgø i Talgø Invest om arbeidet med etableringa av Todalsparken. Talgø har alt investert 18-20 mill i anlegget, men vegen vidare vil Talgø bruke litt tid på før anlegget kan takast i bruk med tanke på turisttrafikk. Talgø hadde også tankar om felles satsing på turistaktivitetar for regionen på Indre Nordmøre.
terje Talgø tek i mot næringsgjestane utfor Utstillingssentrret.  Foto: Jon Olav Ørsal
Karin Halle frå Surnadal kommune og Per Helge Malvik frå Sunndal orienterte om samarbeidet mellom kommunane og kva som er gjort og planane vidare. Det er ei kjent sak at folketalet i regionen på Indre Nordmøre har gått tilbake, sjølv om det er ein moderat tilbakegang. Kommunane har ei stor utfordring med å tilrettelegge for positiv utvikling, både med tanke på utdanning, arbeidsplassar og næringsutvikling. Hverken Surnadal eller Sunndal er sterke nok til å stå fram som eigne regionsenter, men gjennom samarbeid har byggjinga av ein sterkare region alt kome i gang.  Næringsnettverket mellom kommunane vil være til stor hjelp for dette arbeidet, og kan byggjast vidare gjennom målretta aktivitetar. Kan nemne nokre av resultata som er oppnådd, slik som felles rekrutteringsportal, Trondheimstreff, publikasjonen “Utpågang”, konferansar, og ikkje minst lokale nettverkstreff som altså denne gongen var hos Talgø i Todalen. I denne samanhenge vart det også orientert om mulegheiter for støtte til bedriftsretta tiltak og korleis ein kunne ga fram for å kome i posisjon for slik støtte.
KarinHalle_1068
Det er i dette samarbeidet mange mål å arbeide mot for å lykkast. For å snu utviklinga i folketalet på Indre Nordmøre er det naudsynt med fleire tiltak. Derfor vil det bli satsa på kursing av forskjellig slag for å auke kometansen både i offentleg og privat sektor, og ikkje minst er det viktig å lage ein døgnopen region med tanke på tverrfjordleg kommunikasjon for å nå måla.
DSC_1058
Næringstreffet fortsette med gruppearbeid, der den enkelte kunne velge mellom forskjellige tema som samferdsel, digitale kanalar, kompetansebyggjing osv. Resultatet av gruppearbeidet vil bli med i det vidare utviklingsarbeidet som skjer i samarbeidsprosjektet mellom dei to kommunane.
Næringstreffet vart avslutta med kulturelle innslag. Hans Olav Settem framførste viser som har sjølv hadde sett både tekst og tonar til, medan Torgeir Leivdal sørga for meir tradisjonretta musikk med fela si, og sette punktum for nettverkstreffet med å framføre “Fanitullen”.
Publisert: 12. mai 2014, 09:33