Onsdag samla Eldremiddagen troppene til feiring av feittysdag med kjøtt og påsse. Brit Nordvik og Jorunn Ness hadde fullstendig herredømme over kjøkkenet i Sanitetshus da dei i morgontimane starta med oppkjøring av feittysdagsmaten som skulle serverast til 30 gjestar kl 13.
Du kjente lukta alt utafor Sanitetshuset, og menyen var ikkje til å ta feil av. Dei to damene på kjøkenet hadde full kontroll over grytene, og det stod ikkje på kompetanse for å lage mat i store kjelar. Dei to har laga store matgryter før, med fire kjelar på komfyren og to på ei ekstra kokeplate kunne vi konstatere at det var mykje god mat på rett kurs.
Presis kl 13 kunne Martinus Torvik ønskje gjestane velkomne til bords. Den pensjonerte majoren hadde program og meny klar, og orienterte gjestane om suppe til forrett, kjøtt og påsse til hovudrett og kaffe og Kvæfjordkake til dessert ei stund etterpå. Eit langbord og to småbord fyltes opp, og så vart det servert kjøtt og påsse av beste sort, så mykje du ville ha. men da fata kom på tredje runden var det nok ikkje responsen så stor lenger.
I pausen mellom middag og kaffeservering sørga Reidar Østvik for litt underhaldning med høytlesing frå Todalsboka til Leif Halse, men etter eit slik måltid var det nok mange som heller følte behov for ein sjeselong og ei ørlita durskvile. Men det fikk vente til ein kom heim.
For bladfyken har det forresten vore ei travel feittysdagsfeiring. Tysdag var det kjøtt og påsse hos Karen Johanne og Svein på Vestrum, og onsdag vart det først kjøtt og påsse i Sanitetshuset og deretter rømmegraut hos Dordi og Hans på Tussebu. Torsdag blir det nok ein lett salat som blir hovudmenyen!