Laurdag 30. juni er det Todalsdagen 2018 som står på kalenderen. Det skjer som vanleg på Bordholmen og som vanleg er det fotball som er hovedbudskapet på agendaen denne dagen. Det er fotball for dei alle minste – knøtter, miniputter og lilleputter, som står i fokus denne dagen – og heile dagen.
Men det er også meir som skjer, for midt på dagen blir det eit lite avbrekk i fotballen for å arranger Ræta Opp, som er eit mosjonsløp med start og målgang på Bordholmen, med ein svipptur til Hallset-Ræta for å teste forma i motbakkane der. I Ræta opp kan du kjempe mot klokka og løyperekorden – eller du kan konkurrere berre med deg sjølv, og følelsen av å klare å gjennomføre i din eigen fart. Startkontingenten går uavkorta til «aktiv for epilepsi», som driv arbeid for å gjera kvardagen betre for ungdomar med epilepsi. Dei siste åra har det vore godt over hundre deltakarar på Ræta Opp, og i år blir det kanskje fleire enn nokon gong?
Elles byr Todalsdag3en 2018 på loppemarknad – der kan du gjera et godkjøp på nærast alt mellom himmel og jord. Alle typer lopper, både frå fjern og nær er rydda fra frå kjellar og loft, og blir bydd fra denne dagen – til inntekt for Todalen idrettslag og deira arbeid. Elles blir det demooppvisning av ishockey på kunstis – det er Surnadal Blades som kjem til Bordholmen for å demonstrere denne sporten for publikum. På Bordholmen kjem nok heller ikkje Todalen I.L.s 110-årsjubileum til å gå hus forbi, sjølv om dette vil få ein større markering seinare i år.
Nytt av året er forresten at det er 3-er fotball for dei minste. Det gir fleire og kortare kampar, men i år kjem kampane til å gå på 6 banar, mot 5 i fjor, seier Knut Bergli, Bjørn Gunnar Ansnes og Anders Gjeldnes som er leiartroika for Todalsdagen 2018. Dei legg til at det er lite fokus på resultat denne dagen, men dess meir fokus på trivsel og idrettsglede. Og sjølvsagt er Magne Hansen på plass med klokka si for å halde styr på resultat og med hovudansvar å halde publikum oppdatert om fotballturneringa.
Vi garanterer flotte premiar i lotteriet, nydeleg grillmat, loppemarknad, mosjonsløp, open kiosk, topp stemning og sjølvsagt masse underhaldande fotball – sett av 30. juni og ta med laget ditt til vakre Todalen oppfordrer Knut, Bjørn Gunnar og Anders!