Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3.-slåtten er forlengst komen i gang

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2024

Det har vore godt vokstravêr no på tampen av sommarsesong, og 3.-slåtten er forlengt komen i gang rundt omkring i bygda.  Håvard Halset seier at det er bra med gras, og no satsar han på at det som kunne vorte 4.-slåtten skal bli fine beiter om nokre veker. 

2024 blir ein bra fôrsesong for Håvard Halset – her er han i gang med slåmaskina. Foto Jon Olav Ørsal

Håvar er godt nøgd med sesongen, og har godt med for både frå 1.-, 2.-og 3.-slåtten, og reknar med at det på noko av arealet kan bli aktuelt å slå ein fjerde gong i år.  Har også noko rundball frå 2023-sesongen, så han utlelukker heilt formangel i år. 

Publisert: 12. august 2024, 17:00