Denne veka har vore full fart med 3.-slåtten. Det har vore gode forhold for grasvoksteren, og det ser ut til å bli bra avlingar. Dermed er det slett ikkje formangel slik at var i 2018, da fleire måtte redusere besetninga for å få foret til å strekke til.
Rundt bygda er det store areal som er slått, og arbeidet med raking og balling pågår for fullt. Vi observerte stor aktivitet både i Utigarden og Viastua på Kvennset og i Austistua på Hala. Torsdag er det imidlertid meldt til dels store nedbørsmenger frå lunchtida og utover kvelden.