Til tross for renteauke og aukande prisar på materialar, så det det stor byggeaktivitet og fullt opp for snekkarfirma. Her i bygda er det akkurat no 3 bustadhus og fritidsbustader under produksjon. Det er Talgø Tradbo som er entreprenør for alle dei tre einingane, og alle er produsert med byggelement frå Talgøbygg i Todalen. Kortreist med andre ord!
I Øyagrenda er det eit fritidshus under oppføring, medan eit bustadhus er under oppføring på Husby og eit bustadhus til skal førast opp på Talgø gard, der det skal erstatte eit bustadhus som brann ned for snart to år sia.