3. juledag er det tid for å strekkje på beina igjen etter eit par dagar med mykje god mat. Da arrangerer Todalen I.L.s trimgruppe den årlege romjulsmarsjen, der dei inviterer alle til å ta ein tur rundt bygda. Det er høve til å starte mellom kl 12.00 og 15.00, og det et registrering både på Sandstad og på Bruset. Der blir det servert varm gløgg og kakao, og det er høve til å bli med på lotteri (kr 10 pr lodd). Alle som fullfører får fin deltakarmedalje. Kom og bli med! Her finn du plakaten.
