Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
3. juledag: Revy på gang!

3. juledag: Revy på gang!

Jon Olav Ørsal Måndag 26. november 2012

Førebuingane til årets julerevy er godt i gang, og gjengen i «skrivarstova» har alt fått mykje på blokka si. Søndag kveld var Todalen.no innom ein snartur, men dei held enno korta tett til brystet og var naturleg nok litt tilbakehaldne med stoffet. Men datoen er klar, og 3. juledag (27.12) fører dei gode underhaldningstradisjonar vidare i Todalen undomshus. I år er dei attende på hovudscena og det blir i tillegg premiere for nytt og moderne lydanlegg og anna AV-ustyr som alt er kome på plass.

I år blir det ei hovudframsyning, og den bli om kvelden. Det blir imidlertid ein generalprøve tidlegare på dagen, dit dei tenkjer å invitere pensjonistane som ikkje vil på hovudframsyninga. Julerevyen har foreløpig ikkje fått noko endeleg namn, men dei har fleire gode forslag så det blir det nok snart teke ei avgjerd på.

Det var ein optimistisk gjeng som er i gang med skrivinga, og dei ga uttrykk for at dei hadde mange idear og mykje godt stoff å ta utgangpunkt i. Dei kunne og berette at det blir førehandssalg av billettar, som startar i midten av desember. Dette vil sjølvsagt bli annonsert etter kvart som tida nærmar seg.

Skrivargjengen består i år av Lars Sæther, Nils Ove Bruset, Borghild Talgø, Rune Moe, Torill Talgø og Jon Bjarne Husby, og vi ventar i spenning på kva dei har å by på 3. juledag!

Publisert: 26. november 2012, 07:00