Sett av 29. juni, for da skjer det på Bordholmen, fortel Knut Bergli i Todalen Idrettslag. Han siktar sjølvsagt til Todalsdagen 2013, som er ei massemønstring av barnefotball for dei aller minste. Rundt 40 lag har delteke dei siste åra, og for mange av dei minste er det nok årets høgdepunkt. Stor fotballmønstring blir det også i år, og i fotballgruppa er dei godt i gang med planleggjinga, fortel Knut Bergli.
I tillegg blir det sjølvsagt arrangert «Ræta Opp», som er eit mosjonsløp der alle kan ta del. I fjor var det første året, og det stillte godt over hundre deltakarar på startstreken på Bordholmen stadion. Da gikk overskotet av startkontingenten til kreftsaka, og det skpte eit stort engasjement og altså stor deltaking. I år blir det nok mange flerie som kjem til å delta. Elles vil arrangøren by på både loppemarknad og eit gigantisk grillparty i tillegg til nokre overraskingar som han enno helt inntil brystet. Men, hald av laurdag 29. juni, for da blir det feststemning på Bordholmen.