Laurdag 28. juni gjer Todalen I.L. storsatsing på Todalsdagen. I tillegg til Todalscupen, med fotballcup for dei minste og mosjonsløpet RætaOpp blir det også kveldsarrangement, der bandet «Glittertind» vil halde konsert/dans i Todalen ungdomshus. – Tida er inne for å utvikle Todalsdagen vidare og vi håper at Glittertind kan være med å løfte arrangementet og gje litt meir penger i kassa for idrettslaget, seier styremedlem Knut Bergli til Todalen.no.
Todalsdagen har i ei årrekkje vært ein gladdag for knøtte-, miniputt- og lilleguttfotball på Bordholmen. Arrangementet har dei siste åra vore supplert med mosjonsløpet RætaOpp, der startkontigenten har gått til veldedige formål for born som er sjuke. I fjor var det hjartesjuke- og i 2012 gikk inntekta til kreftsjuke born. RætaOpp har samla over hundre store og små deltakarar, og har vorte eit populært tiltak i samband med Todalsdagen.
I år blir det altså kveldsarrangement i ungdomshuset, og vi trur det er mange som gler seg til å høre bandet «Glittertind«, som er eit godt etablert band som har ei stor tilhøyrargruppe i mange aldersklassar. Glittertind er et norsk band som spiller folkemusikk med elementer fra tungrock og filmmusikk. Bandet består av Torbjørn Sandvik, Geirmund Simonsen, Stefan Theofilakis, Olav Aasbø, Geir Holm og Bjørn Nordstoga. Låtene til Glittertind var fram til 2010 ei blanding av sjølvkomponert material og opprocka versjonar av gamle folkeviser. Frå 2010 vart Glittertind eit fullt band som hovedsakleg skriv eigenkomponerte melodiar og tekster. (kilde: wikipwedia).
Da er det berre å sette av 28. juni til Todalsdagen. På dagtid blir det altså fullt liv på Bordholmen stadion, medan med fotball og mosjonsløp, medan det på kveldstid blir Todalen ungdomshus og konsert og dans med Glittertind. Vi kjem med meir info etter kvart, her finn du foreløpig program og invitasjon til Todalsdagens arrangement.