Ein vaksen mann i Surnadal har i kveld fått påvist smitte, skriv Surnadal kommune i ei pressemelding i kveld. Personen er sett i isolasjon og ein nærståande person er sett i karantene. Smitten er sannsynlegvis oppstått i forbindelse med reise til Trøndelag. Så langt i smittesporinga er det ingen lokale forgreiningar til dette smittetilfellet.
