Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

2772 dagar seinare

Elinor Bolme Sundag 26. mars 2017

I dag har todalen.no vore på lufta i 2772 dagar. Vel 7 år og 7 månader. Da vi starta nettsataden var eit av måla å ha noko nytt på heimesida kvar einaste dag. Da fann vi ut at eit nytt «dagens bilete» var ei fin løysing. Problemet kom berre til å få nok bilder å publisere, trudde vi. Der viser det seg no at vi tok feil. Våre lesarar har vore fenomenale til å sende inn bidrag av smått og stort, og vi har aldri gått heilt tom. Enno.

Mykje natur

Sant nok har nok todalsnatur i ulike variantar dominert utvalget. Vi har mange ivrige todalingar som er på tur som er glad i å ta bilete, og som vi er så heldige å få tilsendt. Men vi ønsker å utfordre enda fleire til å sende oss bilder til «Dagens bilete». Mange tekjer kanskje at nei, eg har ikkje bra nok utstyr til dette! Jo da, dei aller fleste går rundt med ein moderne smarttelefon i lomma, og desse bileta blir gjerne like bra som eit avansert kamera. Det er uansett viktig å tenkje på godt fotolys.

Tips til motiv

Gamle bilder er alltid artig og engasjerande. Har du noko i arkivet så oppfordrar vi til å sende inn. Kven hugsar ikkje dei to karane frå Marrokko.. Foto i breddeformat blir best. Ellers går vi mot vår og lysare tider og da kjem mange fine motiv fram. 

Vi ønsker spesielt å utfordere skule og barnehage til å sende inn bidrag. Ungane sine perspektiv er ofte litt annleis enn hos oss vaksne. Dette er kanskje i tråd med utviklinga med tanke på digitalisering og bruken av dette.

Og sist men ikkje minst: ALLE er velkomne til å sende inn, todaling eller ei. Men hugs å få godkjenning om du tek bilder av personar til formålet. 

Som de ser av hovedbiletet har allsigigheita vore stor opp igjennom åra. Fortsett med det!

Først publisert: 26. mars 2017, 07:00 - Sist oppdatert: 25. mars 2017, 10:44