Det er ikkje lenge til det er slutt på eit langt skuleår, og dermed klart for ein lang og velfortjent ferie frå både lekser og skuleskyss. Men når det lir uti august er det på’n igjen, og da er det nye 6-åringar som tek plass bak pultane. Todalen skule hadde torsdag dag besøk av ein flott gjeng med slike nye skuleelevar.
Til hausten kjem 3 nye elevar til Todalen skule og 5 elevar skal starte på Stangvik skule. Dei var på besøk til 1. klassen, og fekk prøvd pultane på skulen. Etterpå var dei saman med fadrane frå 5. og 6. klassen ute i skulegarden.
6-åringane hadde ein prøvedag på skulen sist torsdag. Her finn du bilder frå den «store dagen». Alle foto: Britt Mossing