Vaksinerings-milepæl den 4. juni
Det er gledeleg at alle i gruppe 4 får dose 1 og alle helsepersonell får dose 2 innan 4. juni. Fredag 21. mai sender vi ut SMS til alle 1955-56-modellane som da kan gå inn å booke seg time til 4. juni på nettsida c19.no. Hugs å ta med utfylt eigenerklæringsskjema til vaksineringsdagen. Skjemaet finn du her.
Under er eit lokalt foreløpig estimert vaksineringsscenario for sommaren, basert på jamt vaksineringstempo innan storleveransane kjem frå siste del av juli:
Vaksineringsgruppe
|
Alder /risikogruppe
|
Dose 1
|
Doseintervall (veker)
|
---|---|---|---|
Gruppe 4 | 65-74 år og personar 18-64 år med høg risiko | Veke 22 | 6 |
Gruppe 5 | 55-64 år med underl. sjukdommar | Veke 23-24 | 6 |
Gruppe 6 | 45-54 år med underl. sjukdommar | Veke 25 | 6 |
Gruppe 7 | 18-44 år med underl. sjukdommar | Veke 25 | 6 |
Gruppe 8 | 55-64 år | Veke 26-28 | 12 |
Gruppe 9 | 45-54 år | Veke 29-30 | 12 |
Gruppe 10 | 18-24 år og 35-44 år | Veke 29-30 | 12 |
Gruppe 10 | 25-34 år | Veke 30-31 | 12 |
Vi må vere innstilte på at det kan komme enkelte justeringar som påverkar vekeoppsettet i det lokale vaksineringsscenarioet. Vi veit heller ikkje når FHI vil endre doseintervallet frå 12 til 6 veker igjen.
Testing
Til sist minner vi om at det er viktig å teste seg ved symptom som kan vere covid-19 slik at vi fangar opp eventuelle smittetilfelle raskast muleg i ei tid kor mange er meir sosiale enn før. Koronatest bestiller du også på c19.no Det går i tillegg an å bestille hurtigtesting hos Midtnorsk HMS-senter i Surnadal dersom ein ikkje har symptom, men treng ei avklaring.
Med dette ønskjer vi alle ei triveleg pinsehelg!