Det er ikkje påvist nye smittetilfelle I Surnadal.
I morgon startar barnehagane opp og i neste veke er det elevar frå 1-4. trinn sin tur. Denne veka blir det lagt ned mykje planleggingsarbeid for å møte krava til smittevern i den kommande nasjonale veiledaren for skulane. Mange av smittevern-tiltaka vil naturleg nok vere som for barnehagane, men vil få ulike praktiske konsekvensar for organisering og bemanning i skulekvardagen. Kriseleiinga vil kalle inn til ein pressekonferanse om den gradvise reopninga i skulane, med plan om å få gjennomført denne på torsdag.
Næringsavdelinga vår jobbar aktivt for å gi råd og hjelp til næringsdrivande og har i dag sendt ut informasjon til alle næringsdrivande med oversikt over kommunale og eksterne støtteordningar som næringslivet kan søkje på under korona-situasjonen. Denne informasjonen er og å finne på kommunen sine korona-sider under knappen «Tiltak for næringslivet».