Først blir det ope 17. mai. Frå kl 17 og utover kvelden er det da open pub, og denne kvelden er det salg av «Brendsnut». Det er ein sunnmørsvariant av sodd/kjøttsupe. Vidare har Pakkhuset Kro ope laurdag 25. mai, med vanleg pubopning.
Brendsnut er ei fantastisk kjøt- og grønsakssuppe som har sitt opphav på Sunnmøre. Same type suppe finst nok andre stader, men under andre namn. Ingrediensane kan variere litt, men ofte er den basert på saltkjøt/knokar, eller oksehalar. Og Brendsnut smakar betre enn sodd, skryter Synnøve!