Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
2. paskedag: Friluftsgudsteneste på Haugligardane

2. paskedag: Friluftsgudsteneste på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mars 2013

Friluftsgudsteneste på Haugligardane 2. påskedag er tradisjon i Todalen. Todalen sokneråd er arrangør, saman med Trimgruppa i Todalen I.L. Under årets gudsteneste skal det og være dåpshandling. Det er lille Ella Kristin Lyyli Virtanen Bruset som blir båret til dåpen under gudstenesta på Haugligardane. Friluftsgudstenesta starta kl 12.00, og det er takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Etter gudstenesta blir det grilling og sosialt samvære. Værmeldinga på yr.no har dei siste par dagane vore litt usikker, men i skrivande stund meldes det om solgløtt og kanskje det blir eit par varmegrader også. I alle høv lønner det seg å kle seg godt og ta på godt fottøy.  Dersom vërtilhøva krev det vil gudstenesta bli flytta til Todalen kyrkje.

Publisert: 31. mars 2013, 10:38