Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

2 pallplassar til Trollheimen Fjellsportklubb under NM

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2024

NM i Randonee har i helga pågått i Lillehammer, og i dag var det full spenning under NM i sprint der både Erik Kårvatn og Aron Rodal Haugen hamna på pallen – på henholdsvis 2. og 3. plass. 

Erik hamna på 2. plass i dagens NM-sprint. Skjermdump frå NRK

Det skjedde slett ikkje utan dramatikk, der Aron Rodal Haugen var best i 1. heat i kvartfinalen og Erik Kårvatn i kvartfinalens 3. heat hamna på 3.-plass. Dermed gikk begge vidare til semifinalen, der Aron hamna på 2.-plass i 1. heat og Erik på 3.-plass i 2. heat – dermed vart begge med vidare til finalen.  Alså var det stor spenning framfor dagens finaleheat som også inneheldt sterke  namn som Klette, Lødøen, Engdal og Holen.

Aron hamna på 3.-plass i dagens finale. Skjermdump frå NRK.

Finalen endte med Hans Erik Klette på førsteplass, medan Erik kom på andreplass og Aron  på tredjeplass – vidare kom Lødøen på 4., Engdal på 5. og Holen på 6.   I dameklassen var det Malin Indergård som «tok alt» både i semifinalen og i finalen, medan Ingrid Klokset kom på andreplass.  Ida Waldal, som var favoritt i dag,  var sjuk og meldte forfall i dag.  

Finaleheatet – med 2 Trollheimskarra på pallplass. Skjermdump frå NRK

 

 

Publisert: 24. mars 2024, 17:18