I løpet av dei siste dagane har det vore felt 2 jerv på Kårvatn. Den første, som vart felt laurdag var ein hann på mellom 2-4 år. Den andre vart felt i dag, og om den har det ikkje komme inn noko dokumentert informasjon på enda på Direktoratet for Naturforvaltning si nettside. Men kjelder todalen.no har snakka med i kveld melder om at det er to ulike jegarar.
Alle kan til ei kvar tid søkje i rovdyrbasen til Direktoratet for Naturforvaltning. Der er det oversikter over døde dyr, kadaver og erstattningar av sau og tamrein.
Gå hit for å komme til hovudsida for Direktoratet.