Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Torsdag: -17. maifeiringa er i rute

Elinor Bolme Onsdag 16. mai 2018

Som tidlegare år blir det tradisjonell 17. mai feiring i Todalen, med «skrommeltog» som første post på programmet. Deretter blir det i regi av fotballgruppa invitert til frukost på Bordholmen, eller i ungdomshuset om vêret krev det, fortel nyvald leiar i fotballgruppa Anders Gjeldnes. Frokosten brukar å vere eit populært arrangement i bygda, og i år kan dei freiste med heimbaka brød til dei frammøtte.

Nytt av året er at også dagens hovedarrangement blir i Ungdomshuset etter gudstjenesta som i år ikkje byrjar før klokka 14.30. Stig Husby som er leiar i årets 17. maikomite ønsker alle todalingar hjarteleg velkomne til årets festdag og overlet leiarjobben til Eivind Bolme under sjølve arrangementet. Så langt seier langtidsvarselet at det blir opphald med sol innimellom, så dette lovar bra.  Kjøkkengjengen er godt i gang med planlegginga av middagen og lovar kaffe med søtt tilbehør til, røpar Eivind. Og dagens hovedtalar er Bergsvein Brøske.

Med andre ord mange gode grunnar til å delta i årets 17. mai feiring i år også!

 

 

Publisert: 16. mai 2018, 22:13