Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

17. mai: Ventar storinnrykk til frokost!

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. mai 2019

I fjor var det over 120 som kom på frokost på Bordholmen den 17. mai – i år reknar vi med minst 150! Det er Anders Gjeldnes og Knut Bergli i fotballgruppa som er slike optimister.  Sikker ar det iallfall at fotballgruppas frokostservering på Bordholmen er populær og med fine vêrprognosar er det alt som talar for rekorddeltaking. I kveld var dei i gang med brødbaking…..

15 steinbakte grovbrod klare til frokosten på 17. mai – Knut Bergli og Anders Gjeldnes i gang med bakinga i eldhuset i Steinarstua. Foto: Jon Olav Ørsal

Det blir steinbakt grovbrød til frokosten – med potet, ris, mjøl og gammelostmyse blir det spenstige og velsmakande brød til 17.-frokosten lovar dei to.  Onsdag kveld var dei i full gang med baking i eldhuset i Steinarstua, og med Eivind Grønmyr som fyrbøtar og seniorkonsulent hadde dei god kontroll og rekna med at ein knapp time i steinovnen sørga for nystekte brød av beste slag. 15 brød hadde dei laga deig til, og da vi var innom vart det nesten klart til steiking.

Fotballgruppa ventar storinnrykk til frokost på Bordholmen 17. mai. overskuddet går uavkorta til fotballgruppa i Todalen I.L. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

På frokosten lokkar det med pålegg og tilbehør av alle slag – fleire typar heimlaga salatar, koka egg, sild og elles alle typar pålegg og drikke til maten.  Frokosten kostar kr 100 for vaksne, kr 50 for born og gratis for dei under 6 år.  – Vi kjører også ei miljølinje og brukar porselenstallerkenar og stålbestikk i staden for eingongsbestikk. På Bordholmen betaler du med kontantar eller Vipps for frokosten.

Vi minner også om resten av programmet for feiringa av nasjonaldagen.  Programmet startar kl. 10 med biltog frå matkroken og rundt bygda før frokosten på Bordholmen. Resten av programmet startar med gudsteneste kl. 14.00 og fortsett med folketog og program i skulen.  I skulen er det traktering med suppe, allsong, leiar og tale for dagen.  Billett kr 200 for vaksne, medan born går gratis – her betaler du med kontantar, da arrangøren ikkje har Vipps eller kortterminal!

Akkurat passe stekt – prima vare! Foto: Knut B.

15 steinovnstekte grovbrød – klar for 17. mai-frokost. Foto: Knut B.

 

Først publisert: 15. mai 2019, 18:06 - Sist oppdatert: 16. mai 2019, 05:27