Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

17. mai-programmet i Todalen er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. mai 2025

Programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen er klart. Programmet tek til med det tradisjonelle biltoget rundt bygda, og blir avslutta med nasjonaldagsgudsteneste i Todalen kyrkje. I staden for tale for dagen, blir det i år historisk bildekavalkade frå Todalen historielag sitt historiske arkiv ved Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe. Tema vil sjølvsagt vere nasjonaldagsfeiringa i Todalen opp gjennom åra og nyare tid.  

Biltoget 2024. Foto: B G Ansnes

Programmet for nasjonaldagsfeiringa i Todalen ser slik ut:

Klokka 10:00 – Biltog rundt bygda, med start på Matkroken Todalen. 

Klokka 11:00 – 17. mai-frokost i Todalen ungdomshus.

Klokka 12:15 – Kaffe med kaker og historisk bildekavalkade ved Ingri og Ragnhild. 

Klokka 14:00 – Nasjonaldagsgudsteneste i Todalen kyrkje. 

Arrangørane ønsker alle velkomne til feiring av Nasjonaldagen i Todalen! Russen er spesielt invitert, og får gratis frokost ved oppmøte i russeutstyr!

Publisert: 6. mai 2025, 16:07