Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

17.mai – programmet er klart

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mai 2015

Programmet for feiringa av nasjonaldagen er no klart. Det meste foregår på tradisjonelt vis, med biltog frå Matkroken kl 9.30 – og fortsett med stor felles frukost på Borholmen etterpå. etter ein liten pause blir det folketog frå skulen til kyrkja og gudstenesta der. Etter gudstenesta blir det kransnedlegging ved bauten, før toget fortsett til skulen. Frå kyrkja til skulen får folketoget følge av 17.-orkesteret som sørgjer for musikk til marsjen. I skulen blir det mat, allsong og leikar for borna – og sjølvsagt tale for dagen med Sondre Ormset.

I kronologisk rekkjefølgje ser altså programmet slik ut på plakaten:

plakat 2_17mai  2015

 

 

Først publisert: 5. mai 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 4. mai 2015, 22:03