17. mai nærmar seg, og årets program er klart. Mange av postane er nok kjent frå tidlegare, med biltog, felles frokost og sosialt samvær på skulen. Det er tog både frå skulen til kyrkja, og tilbake igjen. Det blir óg korps, og det er lokale musikarar som har bestemt seg for å spele for å få musikk til toget.
På menyen i år står sodd, og det blir i tillegg kiosksal med blant anna pølse og brød, brus, is og anna godsaker. Tale for dagen blir ved Lise Bjerknesli. Nedanfor finn du programmet, og du kan og lasta ned programmet her (PDF).
17. mai program
kl. 09:30: Biltog, L.Hals – Gammelfabrikken – Bordholmen
kl. 10:30: Frokost, Bordholmen (Ungdomshuset dersom vêret blir dårlig)
kl. 13:30: Tog frå skulen til kyrkja
kl. 14:00: Gudsteneste
kl. 14:50: Kranspålegging
kl. 15:00: Tog fra kyrkja til skulen, Lokalt korps spelar
kl. 15:20: Korpset spelar på skuleplassen
kl. 15:30: Samvær på skulen
– Matservering – sodd og kaffe
– Tale for dagen med Lise Bjerknesli
– Kiosksal
– Leikar for barna
Inngangsbillett inkl. mat: kr 120,-
Gratis inngang og en pølse med brød og brus for til og med 9.klasse.