Det er vel å overdrive å seie at alt er klart til feiringa av nasjonaldagen i Todalen, men planlegginga er i iallfall kome i gang. Eit tjuetal komitémedlemar i utgangspunktet er krympa til 13-14 og nokre av disse hadde sitt første planleggingsmøte onsdag kveld. Konklusjonen er at det blir tradisjonell feiring av nasjonaldagen i Todalen.
Det er enno for tidleg å presentere programmet, men vi kan vel røpe såpass at vi alt no kan konkludere med at det blir både biltog på føremiddagen og folketog på ettermiddagen. Elles blir det jobba vidare med det øvrige programmet som det enno er god tid på, fortel Rune Moe som er leiar i komiteen.