Søndag var det stor deltaking på museumsdagen på Åsen. Aktivitetsdagen som Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerte i fellesskap vart ein susksess, fortel ledar i Todalen historielag Maren Ansnes. 160 store og små møtte opp for å ta del i arrangementet og proffesor Eir Grytli samla 80-90 tilhørarar til foredraget om trønderlånnas historie. Elles var det utstilling og demonstrasjon av gamle motorar, mopedar og traktorar.
I kafeteriaen gikk det unna med salg av dravle. Heile den store kjelen gikk unna på ein blunk, og store mengder med bakels med graut eller syltety glei ned i lag med kaffen, fortalte Maren. Ho berømma også samarbeidet mellom dei to historielaga, og tykte at det hadde vore ein storveies dag.
Nokre regnbyger skremte heller ikkje publikum som hadde tilgang til å sjå heile heile museumsanlegget denne dagen. For mange var det nok mykje nytt å sjå, både utvandrar utstilling og 60-talsromma og ikkje minst Gulla-romma. Stor var også interessa for dei gamle motoriserte utstillingane, der dei kunne by på gamle trøskarverkmotorar og mopedar og traktorar.
For dei aller minste var det lagt opp til gamle leikar, noko som også fall i god smak hos dei yngste.
Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri, som viser litt av det som gikk føre seg på aktivitetsdagen på Åsen. Alle foto: Jon Olav Ørsal