Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

150-årsmarkering av at storspelmann Halvor O. Ørsal vart fødd

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. august 2025

Todalen historielag inviterer laurdag 4. oktober klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875. På Wikipedia står det at han vart fødd i 1876, men historielaget har sjekka kyrkjebøkene, og her står det at han var fødd i 1875, så da er nok det rett.

Helge Husby har teke på seg ansvaret for underhaldninga under markeringa, og han seier dette i ein e-post til historielaget:

«Når det gjeld oss, så er undertegna den som frå 9-årsalderen har følgd Trygve Ørsal, vore fascinert over Ørsal-spelet, Tor Erik Jenstad har vore i miljøet rundt Trygve sia 1974, Ole Kristian Gundersen er assosiert med Todalen, Peder Hønsvik, trekkspel, har vore med i Nordmøre spelmannslag i mange år og såleis godt kjent med Ørsal-spelet. Tor Erik og eg har gjennom Hørkelgaddan gjeve ut CD-en Ørsalmusikken, med slåttar etter Halvor og Trygve Ørsal».

Heile CD-en kan ein høyre på Hørkelgaddan – Ørsalmusikken frå Youtube

Så da er det berre å sette av kvelden 4. oktober frå klokka 18:00

Historielaget kjem tilbake med meir informasjon når kvelden nærmar seg!

Todalen historielag ønsker alle velkomne til ungdomshuset!

Publisert: 22. august 2025, 16:36